Godkjenninger

To generasjoner Brænde, Jan Brænde etablerte Brændes rørleggerforretning i 1956, Jan Olav Brænde tok over den daglege drifta i 1995. Begge har utdanning som rørleggermester. Vi legger vekt på å være en seriøs aktør, og har følgende godkjenninger:

Mesterbrev

Brændes Rør. AS har rørleggermester. Det at vi har mesterbrevet er noko som gir deg som kunde hos oss ei vissheit og tryggheit på at vi har ei etisk og handtverksmessig stoltheit. I tillegg er dette en dokumentasjon på at selskapet har kunnskap og nødvendig spisskompetanse for å gi kundane ei optimal teknisk og økonomisk leveranse til ei kvar tid.

Tiltaksklasse 1, 2 og 3

Brændes Rør. as er godkjent for tiltaksklasse 1, 2 og 3. Denne godkjenninga er basert på dei fagelige ledarane sine kvalifikasjonar og firmaet sine tidligare erfaringar. Vi har godkjenning for utførelse og kontroll av sanitær-, varme- og kjøleanlegg i tiltaksklasse 3.  

NRL 

Brændes Rør. AS er medlem i Norske Rørleggerbedrifters Landsforening. Dette gir deg som kunde tryggheit på at vi til ei kvar tid er oppdatert og følgjer dei gjeldande lover og foreskrifter som gjeld. NRL er ein bransjeorganisasjon som skal ivareta den enkelte rørleggerbedrift sine juridiske krav og forpliktelsar, samt distribusjon av informasjon ev endringar som til ei kvar tid blir gitt frå statlige og kommunale organ. 

FFV

Fagrådet for våtrom (FFV)er ein tverrfaglig og uavhengig medlemsorganisasjon. FFV har som ideell oppgåve å vere med på å redusere våtromsskadar ved å:

  • Besørge at Byggebransjens våtromsnorm (BVN) er operativ og at den blir ajourført. 
  • Drive utdannings- og informasjonsvirksomheit.
  • Vere et forum for erfaringsutveksling og initiere samarbeid mellom ulike fagmiljø.
  • Påvirke forskrifter og standarder, aktivt bidra til nødvendig forsknings- og utviklingsarbeid, nyttiggjere seg desse resultata og spre dei.

BVN

Byggebransjens våtromsnorm (BVN)er utarbeidet av Fagrådet for våtrom (FFV). Våtromsnorma er et verktøy for planlegging og utførelse som har til formål å heve kvaliteten på våtrom med hensyn til funksjon og varigheit.

Norma skal syte for at dei løysningane og materiellet som blir brukt og arbeidet som blir utført, har ein så høg standard at ein unngår skadar innanfor materiellet si normale levetid. Våtromsnormen vil dessuten vere tilpassa dei lovene, forskriftene og Norsk Standard som til ei kvar tid gjeld. For å kunne oppnå dette er det nødvendig at alle faggrupper som planlegger og utfører arbeider i våtrom, har tettheit og varigheit i fokus. Vidare må faggruppene vite om og ta tilstrekkelig hensyn til kvarandre sitt arbeid.

Våtromsnormen har derfor angitt tekniske retningslinjer for korleis materialer og utstyr skal godkjennast, og på kva måte arbeidet skal utførast, samt rekkefølga av arbeida og kontrollprosedyrer. 

Varme & Bad kjeden 

Brændes Rørleggerforretning AS er tilknytta Varme & Bad kjeda, som er etablert av Stavanger Rørhandel AS og Bergens Rørhandel AS. Det er tilslutta ca. 70 rørleggerbedrifter denne kjeda, noko som resulterer i et samla sett stort varekjøp. Dette gir gevinst i form av rimelige prisar på kjente kvalitetsprodukt ut deg som forbrukar.